Klimasøksmålet er nå ferdig i siste instans i norsk rettsvesen, og Høgsterettsdommarane jobbar for tida med det som vil bli ein historisk dom. Det kan bli mange forskjellige utfall i dommen, frå full siger til miljøorganisasjonane til full siger for staten – eller forskjellige mellomløysingar (her kan du lese ei god sak frå Filter Nyheter som tar for seg moglege utfall).
Partane og partshjelpene i klimasøksmålet forventar og håper at Høgsterett vil lytte til klimaforskinga og avgi ein dom som slår fast at oljeboringa i Barentshavet er grunnlovsstridig og må opphøre, og at det ikkje lenger kan vere lov å fatte vedtak som så tydeleg bryt med retten til eit sunt miljø.
Men uansett kva dommen seier, har klimasøksmålet skapt miljøhistorie, og innsatsen som tusenvis av enkeltpersonar har lagt ned for å støtte rettssaka gjennom pengeinnsamling, markeringar og aktivisme betydd masse. Her er nokre av tinga me har fått til:
1. Klimasøksmålet har synleggjort grove feil og manglar i norsk olje- og miljøpolitikk
Gjennom tre rundar i rettsvesenet har klimasøksmålet fått sett fokus på korleis miljøfaglege råd blei ignorert då regjeringa ga løyve til oljeleiting i Barentshavet. Me har fått fram korleis åtvaringar frå Miljødirektoratet og Norsk Polarinstitutt om å unngå oljeboring nær sårbar natur ikkje blei lytta til, og at miljøomsyn blir fullstendig nedprioritert i oljeforvaltninga.
Me har avslørt at Olje- og energidepartementet har skjult informasjon om at oljeboring i Barentshavet søraust er mykje meir økonomisk risikabelt enn det som var kjent for Stortinget då dei opna dette området. Slik oljeprisen er nå, og ligg an til å utvikle seg, vil staten etter alt å dømme tape pengar på oljeverksemd i dette området.
Sist men ikkje minst har me gjennom vitnesbyrd frå klimaforskarar og store mengder bevismateriale vist at Noreg per i dag ikkje har nokon truverdig plan for å bidra til å løyse klimakrisa så lenge me opprettheld ein så stor olje- og gassproduksjon.
Uavhengig av utfall har klimasøksmålet avslørt store feil med dagens politikk, som pressar politikarane og styresmaktene til å ta meir omsyn til miljøet. Og avsløringane av det økonomiske hemmeleghaldet blir nå granska av Stortingets kontrollkomite.
2. Klimasøksmålet har fått enorm oppmerksemd og skapt debatt
Sidan stevninga av staten blei levert i oktober 2016 har klimasøksmålet fått godt over tusen presseoppslag i norske og internasjonale aviser, og skapt debatt om norsk oljeutvinning og klima. I samband med Høgsterett har klimasøksmålet fått over 400 oppslag, i lokale, nasjonale og internasjonale aviser. All oppmerksemda har bidratt til å flytte klimadebatten, og mange flere ser nå at det ikkje går an å ha både meir oljeleiting og klare klimamåla. Klimasøksmålet går saman med klimademonstrasjonane frå barn og unge i å auke miljøengasjementet til folk flest, og presse politikarane til å gjere mer for å ta vare på klimaet vårt og naturen vår
3. Søksmålet har fått meir legitimitet
I tillegg har søksmål som verkemiddel for å ta vare på miljøet blitt gjort meir stuereint og blitt tatt meir alvorleg. I starten blei søksmålet diskreditert av nasjonale aviser og stortingsrepresentantar. Nå får det solid støtte frå spesialrapportørar i FN og Norges institusjon for menneskerettigheter. Behandlinga saka har fått i rettsvesenet viser også kor stor tyngde saka har hatt. Det er langt ifrå alle saker som blir behandla i plenum i Høgsterett med fullsett dommarpanel, og som får fri sakførsel. Det skjer berre i prinsipielt viktige saker.
4. Klimasøksmålet har engasjert folk over heile landet og verda
I førekant av av Høgsterettsaka blei det arrangert lysmarkeringar til støtte for klimasøksmålet over 50 stader, på ein smittevernvennleg måte. Over heile Noreg, samt i fleire andre land, tente folk lys klokka 18.14 for å symbolisere Grunnlova og vernet den gir miljøet vårt. Lysmarkeringane den 3. november 2020 er den siste i ei lang rekke av små og store markeringar og arrangement som frivillige i og utanfor miljøorganisasjonane har stått for sidan klimasøksmålet først blei levert hausten 2016. Alle dei tusenvis som har møtt opp opp i gjennom viser at me står samla i saka for miljøparagrafen i Grunnlova og for å hindre miljøfiendtleg oljeboring i Arktis.
I løpet av rundane i rettsvesenet har tusenvis av menneske også bidratt økonomisk til klimasøksmålet. Totalt har det blitt samla inn 2,5 millionar kroner via kronerullingsaksjonar på nettet, vipps og donasjonar. At så mange har valt å støtte søksmålet økonomisk har vore kjempeviktig for at miljøorganisasjonane har hatt moglegheit til å gå gjennom heile tre rundar i rettsvesenet med denne saka. Vi ønsker også å takke Minor Foundation for deres økonomiske bidrag til å støtte våre ambassadører for klimasøksmålet!
Takk til deg og alle som har stått på for å gjere dette søksmålet mogleg. Nå ventar me i spenning på kva dommen frå Høgsterett vil bringe.